Knallår for Sambåndet Forlag

 OVERSKUDD:– Me har oppnådd eit utruleg bra resultat til eit så lite forlag å vera, seier forlagssjef Tarald Ueland. Løyndomen ligg i å satsa kun på vinnartitlar, og å bruka sparekniven flittig.(FOTO:EGILL J. DANIELSEN / SAMBÅNDET) Av Øystein Lid   For forlagsbransjen sett under eitt var 2008 eit sorgens kapittel der dei fleste kristne forlaga kjempa […]

tarald ueland... 
OVERSKUDD:
– Me har oppnådd eit utruleg bra resultat til eit så lite forlag å vera, seier forlagssjef Tarald Ueland. Løyndomen ligg i å satsa kun på vinnartitlar, og å bruka sparekniven flittig.(FOTO:EGILL J. DANIELSEN / SAMBÅNDET)

Av Øystein Lid

 

For forlagsbransjen sett under eitt var 2008 eit sorgens kapittel der dei fleste kristne forlaga kjempa i motvind.
– Vårt Land teikna eit svært dystert bilde av situasjonen, seier Tarald Ueland. – Men journalisten var ikkje i kontakt med meg. Eg skulle ha balansert artikkelen litt, seier forlagssjefen nøkternt. Forlaget han styrer kan skilta med 30 prosent omsetjingsauke.

Suksessoppskrifta
– Kva har de skjønt som dei andre ikkje har skjønt?
– Sei det. Eg trur det er spesielt to faktorar som har gjort det. Me har vore veldig heldige med bøkene me har gitt ut, der ingen av bøkene våre har gått i minus. Det andre er at me har vore veldig nøkterne på utgiftssida. Me gir kun ut bøker som eg føler ein tryggleik for å koma i pluss med. Me har silt ut dei som me ikkje trudde ville selja nok, seier Ueland.

I 2008 omsette forlaget for 2.184.000 kroner mot 1.490.000 kroner året før.
– Eg er veldig audmjuk i høve til desse tala. Dette er eit utruleg bra resultat til bokbransjen å vera. Det er så bra at nesten ikkje har lyst å snakka om det. Eg var ikkje førebudd på dette i det heile tatt, seier Ueland om dei ferske tala.

 

«Minefelt»
– Kor stor del av æra går til det lokalhistoriske bokverket «Minefelt», som de selde ut heile fyrsteopplaget av i løpet av to månader?
– «Minefelt» var ikkje den me tente mest på, på grunn av dyre produksjonskostnader. Me gjekk i pluss på den også, men det var så vidt.
– Den vil kanskje telja meir inn på neste års rekneskap?
– Ja, når andreopplaget tek til å selja for fullt kan det godt henda. Men dei store pengane kjem frå dei fem andre bøkene våre, seier Ueland.

På fyrste plass over mest selde bøker i 2008 hamna Halldis Reistad og Odd Dubland si bok «Himmeltonar», med 2600 selde eksemplar. Tett på fylgjer «Som en av oss» av Jan Rettedal, og «Oppmuntringer» av Irene Krokeide Alnes. «Knutn og Bertå» av Asle Hetlebakke innkasserer ein fjerdeplass, framfor «Minefelt», og Karl Johan Hallaråkers «Jerusalem» på sjette.


Planane framover
Ueland vil ikkje avsløra kva planar som ligg framfor. Han har sjølv det endelege ansvaret for kva titlar som vert utgitt, og som han seier «det er tidleg på vinteren enno».
– Det er foreløpig litt uklårt kva idéar me vil satsa på, men eg kan seia at me har fått inn nokre spanande prosjekt som eg har til vurdering, avsluttar forlagsmannen.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.